/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Ål
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Elvelangs

Ål, Ål kommune, Viken, Norway
7.6km|27.01.2023

Description

Sundre/Ål sentrum

Elvelangs 7,6 km rundtur

Turen kan starte kvar du vil frå Ål sentrum, frå Hallingdal Feriepark eller Ål Camping. Me beskriv den frå parkeringa på Sundre torg.

Parkering: på Sundre torg, på andre sida av Tingstugu, midt i Ål sentrum

Km: 7,6 km rundtur på fin stig.

Frå Sundre torg går du austover på Sundrevegen, forbi butikkane og ut av sentrum. Følg gangvegen i ca 2 km. Rett etter Sundrevegen nr 152 krysser du vegen og kjem inn på ein brei traktorveg/stig. Følg denne til du kjem til Ål Camping. Herifrå følger du Elvelangs vestover til Hallingdal Feriepark. Frå Hallingdal Feriepark følger du Myrovegen og Sundrevegen tilbake til sentrum. Om du ikkje ønsker å gå heile runden er det fleire plassar undervegs du kan gå tilbake til sentrum.