/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Votndalsåsen
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Bleste

Votndalsåsen, Ål kommune, Viken, Norway
4.1km|27.01.2023

Description

Votndalsåsen

Bleste 4,2 km t/r

Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (fylkesveg 2930) i ca 6 kmtil skilt Fekjastølvegen, til høgre. Følg vegen opp bakken, ta til venstre i første kryss og ta til høgre ved nytt skilt Fekjastølvegen. Følg så denne vegen i endå ca 6 km, forbi 2 store parkeringsplassar og opp Ragnhildheladn. Bomveg.

Parkering: på høgre side av vegen når ein har køyt opp Ragnhildheladn og kome til Svarthamar, og ved skiltet Bleste.

Km/moh: 4,2 km t/r. 1030 - 1077 moh.

Kart: Reineskarvet 1:50 000

Frå parkeringa ved Svarthamar går du først forbi eit hytteområde og deretter i lett terreng austover mot høgdepunktet på turen, Bleste. Plankar er lagt ut og forankra på dei våte partia. Frå Bleste har du flott utsyn mot Reineskarvet, Lauvdalsbrea og omkringliggande stølsgrender.