/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Ål
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Sulutjørn

Ål, Ål kommune, Viken, Norway
4.9km|87m ◢ ◣ 87m|18.08.2022

Description

Rundturen er skilta frå Sataslåtten Camping. Start med å følg Strendovegen austover i ca 1,5 km. Gå igjennom jernbaneundergangen og opp til Grøvovegen. Følg denne vegen nordover i ca 400 m, mot Sulutjørn. Her står det ei infotavle om daudisgropa i Sulutjørn. Ver forsiktig nær vasskanten. Fortsett vidare på Grøvovegn tilbake til Sataslåtten Camping eller følg same vegen tilbake.

Heile turen går på veg og kan gjerne syklast. Eit fint alternativ dersom du kjem med sykkel er å følgje Hallingdalsruta – nasjonal sykkelrute nr 4 frå Ål til Sulutjørn.

Adkomst: Følg Rv7 ca 5 km austover frå Ål sentrum. Ta av til høgre ved skilt Sataslåtten Camping/Enok hytter (skiltet står på venstre side av vegen) og følg Strendovegen i ca 300 m over brua og til Sataslåtten camping.

Parkering ved skiltet «Parkering 10 turfavorittar» hos Sataslåtten Camping.

Sulutjern med Liagardane i bakgrunnen
Photo: Ål turistinfo