/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Torpo
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Helsingsetrunden

Torpo, Ål kommune, Viken, Norway
1.7km|66m ◢ ◣ 66m|18.08.2022

Description

Turen startar ved Breisetvegen på Helsingset. Første del av turen går på stig opp til Helsingsetberget. Herifrå er det flott utsikt over stølsområdet. Turen videre går på stig, bilveg og bufars stig tilbake til startpunktet. Undervegs har hyttefolk og grunneigarar på Helsingset tilrettelagt stigen med infotavler, mjølkerampe, benkar, sikteskive og ein «trollskog».

Adkomst: Følg Rv 7 ca 10 km austover frå Ål sentrum, til Torpo og følg skilting mot Torpo stavkyrkje. Ved kyrkjene ta til venstre mot Oppheim. Følg fylkesveg 2928 til skilt Oppheimsvegen. Etter ca 400 m på denne vegen kjem du til eit vegkryss. Vel vegen til venstre og følg Breisetvegen innover Oppheimsåsen i ca 4,7 km, til Helsingset. Bomveg.

Parkering ved skilt «parkering 10 turfavorittar» langs Breisetvegen ved Helsingset.

Utsikt frå Helsingset mot Ål skisenter i Votndalen
Photo: Ål turistinfo