/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Votndalen/Liagardane
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Såta

Votndalen/Liagardane, Ål kommune, Viken, Norway
6.2km|11m ◢ ◣ 621m|18.08.2022

Description

Startar på veg til du kjem til ei ferist, der du tek til venstre opp stigen langs gjerde. Ta første stigen til venstre. Etter nokre hundre meter kryssar du ei elv/bekk og følger stigen oppover langs denne. Ta til høgre ved ei saltekve på venstre side. Her flater stigen ut. I neste stigkryss tek du til venstre mot Vesle Såta. Følg små pilskilt vidare til stigen svingar til venstre mot Såta. Du passerer endå ei saltkve på vegen opp til skaret mellom Vesle Såta og Såta. Når du er oppe i skaret tar du til venstre opp mot toppen. Oppstigninga til Såta har ingen fast stig. Den er bratt med nokså steinete underlag opp til toppen. Fantastisk utsikt når du kjem opp.

Adkomst: Følg Rv 7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) i ca 2 km til skilt Votndalsvegen, til høgre. Følg denne vegen til skilt Skindovegen, også til høgre, og følg denne til stort postkassestativ/infotavle, ca 2,7 km frå starten av Votndalsvegen. Du kjem no inn på Åsetnovegen og følger denne i nesten 5 km, til Lyavegen. Etter ca 4,5 km på Lyavegen kryssar du elva Lya. Ta til høgre i dei to neste vegkryssa. Ca 300 m etter siste vegkryss flatar vegen ut og du passerer ei lita elv/bekk. Køyr over brua og du kjem til parkeringa. Bomveg.

Parkering ved skilt «Parkering 10 turfavorittar»

Varden på Såta
Photo: Ål turistinfo