/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Votndalen
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Løkentjern rundt

Votndalen, Ål kommune, Viken, Norway
7.5km|173m ◢ ◣ 174m|18.08.2022

Description

Frå P-plassen går du inn på Mosaskardvegen og fortsett på denne vegen i ca 430 m. I 1. kryss heldt du til venstre og fortsett på traktorvegen i endå ca 650 m. Her vil traktorvegen krysse stigen du skal inn på og du fortsett mot Nilsehovda (gå til høgre når traktorveg/stig kryssar kvarandre). Følg godt merka stig rundt Løkenstjern. Turen går i eit slakt terreng på både veg og stig. Delar av stigen er noko myrlendt og våt, men det er lagt ut klopper på mange av myrkryssingane. Lurt med gode sko som toler å bli våt!. Langsmed Løkenstjern kan du finne gamle kolgroper og jernvinne anlegg.

Adkomst: Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fylkesveg 2930) i ca 2 km til skilt Votndalsvegen, til høgre. Følg denne til skilt Skrindovegen, også til høgre, og følg denne til stort postkassestativ/infotavle, ca 2,7 km frå starten av Votndalsvegen. Du kjem no inn på Åsetnovegn og følger denne, og etter kvart Lyavegen, i ca 6,5 km, til du kjem til ein stor parkeringsplass, på høgre side. Bomveg.

Parkering på parkeringsplassen på Tormodset (oppslagstavle på høgre side av vegen). Sjå etter det grøne P-skiltet til 10 turfavorittar.

Hopping og klopping
Photo: Ål turistinfo