/ World / Norway / Viken fylke / Ål kommune / Leveld
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Steinstugu til Eivind Fredlaus

Leveld, Ål kommune, Viken fylke, Norway
2.5km|84m ◢ ◣ 84m|18.08.2022

Description

Frå p-plassen går du ca 100 m tilbake på Nordbygdvegen. Ta til høgre inn på stigen som går forbi Kunstnartunet, over ei bru og inn i skogen bak Kunstnartunet. Følger merkinga mot Steinstugu, fyrst vestover i lysløypa, deretter stigen litt bratt opp mot Steinstugu. Denne plassen var ein av gøymestadane til Eivind Fredlaus, som han nytta når han våga seg ned i bygda. Frå Steinstugu går du ned at det bratte partiet og kjem inn att på hovudstigen. Følg denne austover, i lysløypa, og du kjem tilbake til brua og Leveld Kunstnartun. I skogen er det ei permanent kunstutstilling med Birgit Hagens tekstilkunst.

Adkomst: Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) gjennom Votndalen til Leveld. Køyr forbi kyrkja og skula. Ca 900 m etter skula kjem du til Leveld Kunstnartun, på venstre hand.

Parkering på parkeringsplassen ved Leveld Kunstnartun, Nordbygdvegen 1025.

Steinstugu has Eivind Fredlaus
Photo: Ål turistinfo