/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Bergsjøområdet
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Tonatten

Bergsjøområdet, Ål kommune, Viken, Norway
2km|6m ◢ ◣ 239m|18.08.2022

Description

Start turen på stigen austover, retning Leveld. Etter kvart langs med eit lite jorde og gjennom litt skog. Etter ca 250 m kryssar du elva Votna. Herifrå gjekk den gamle ferdselsvegen mellom Søre-Vats og Kvinnegardslia. Stigen dreier mot sør-vest og følgjer ein rygg som går jamt og trutt oppover bjørkeskogen. På turen passerer du ein gamal stølsvoll med ei løe og ei luta hytte. Når du kjem på toppen får du panoramautsikt til Reineskarvet og Lauvdalsbrea. Ta sama vegen tilbake.

Thokollen eller Tobakken er ein gamal hoppbakke, som vart rydda i 1944 – 45 og opna 3. mars 1945. Det vart gjort eit omfattande anleggsarbeid med flytting av grusmasse. Dette var medan det endå var forbod mot forsamlingar. Det var to hopp og Vatsfjorden vart brukt som slette. Bakkerekorden er visstnok 52 m. Bakken var i bruk til utpå 1960-tallet.

Adkomst: Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) mot Bergsjøområdet i endå ca 14 km til Vatsfjorden. Parkering i austre enden av Vatsfjorden.

Vatsfjorden
Photo: Ål turistinfo