/ World / Norway / Viken / Gol Municipality / Gol
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Skaraåsen

Gol, Gol Municipality, Viken, Norway
5km|682m ◢ ◣ 79m|04.08.2022

Description

Den fyrste delen av turen er på gangvegen langs Sentrumsvegen og deretter Rv. 52 for ein tek av og vekselvis følgjer stig og veg til ein er oppe ved Hallingdal museum - Gol bygdemuseum på Skaga. Like før kan ein ta ein avstikkar til stavkyrkjetomta, der Gol stavkyrkje opphaveleg sto. Turen vidare går igjennom skog, og det er eit eiget utsiktspunkt ved foten av Skaraåsen (Skaran). Vidare kan stig følgjast inn til Habbeset og Syningen for spektakulær utsikt mot Hallingskarvet, Reineskarvet og Golsfjellet.