/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Breie/Sangefjell
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Ljøtahola

Breie/Sangefjell, Ål kommune, Viken, Norway
7.8km|582m ◢ ◣ 582m|06.05.2020

Description

Frå p-plassen går du gjennom grinda, og tar første stigen til venstre, etter ca 50 m innover Nasalia. Følg merka stig oppover i noko bratt skogsterreng. Etter ca 1,5 km flatar det ut på Orreleikmyra. Følg skilt og merking til Klyvset. Frå Klyvset går det nedoverbakke. Etter ca 700 m på gardsveg ned mot Thune står skilt til Ljøtahola. Stigen opp til hola er bratt og noko krevjande. Ta same vegen tilbake eller følg stigen om Strandaliberget.

Adkomst: Følg Rv7 ca 2,5 km vest for Ål sentrum. Ta av til høgre mot Ål Folkehøgskule. Følg Nossvegen forbi avkøyringa til folkehøgskula på Bakketeigen. Parkering ved stor parkeringsplass like etter Nossvegen 316.

Ljåtahola, Breie, Ål i Hallingdal
Photo: Ingrid Konradsdatter Hajem