/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Bergsjøområdet
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Toviken-Iungsdalen-Klevahytta

Bergsjøområdet, Ål kommune, Viken, Norway
13.6km|138m ◢ ◣ 131m|06.05.2020

Description

Start i Toviken og følg merka DNT-stig mot Iungsdalshytta, ca 3,7 km. God stig i delvis steinete terreng, etter kvart noko myrlendt. Her er det lagt ut klopper. Rett før stigen ned til Iungsdalshytta tek du DNT-stigen opp til høgre, og følgjer denne langs Fossebrekka og Veslebotn før du kjem til Klevahytta, ca 3,3 km frå Iungsdalshytta. Ta same vegen tilbake og legg gjerne turen innom Iungsdalen turisthytte. Her kan du få kjøpt mat og ev overnatte. Ønsker du ikkje å gå tilbake til Toviken kan du høyre om båten går.

Adkomst: Følg Rv7 ca 3 km austover for Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) mot Bergsjøområdet i ca 24 km. Følg deretter Tovikvegen så langt du kjem, ca 26 km. I vegkryss ved Tvist, hald til høgre. Bomveg. Parkering på parkeringsplassen rett før brua over Mjølga, i Toviken.

Ved Klevahytta, Ål i Hallingdal
Photo: Hallgrim Sataslåtten

Latest reports

Pascal Lamberigts reported the conditions at Toviken-Iungsdalen-Klevahytta as good. 14.aug.2023