/ World / Norway / Viken / Ål kommune / Torpo/Oppheim
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Rikansrudkamben

Torpo/Oppheim, Ål kommune, Viken, Norway
5.2km|351m ◢ ◣ 351m|06.05.2020

Description

Denne turen er nokså bratt. Frå Bakketun stadion følgjer du skilta stig mot Veslekamben Upp/Bakketunrunden, delvis langs Sireåne. Kryss Sirevegen og gå ca 200 m langs grusvegen til Storedal. Der tar stigen av inn på eit ponnibeite. Hugs å stenge grinda etter deg! Deretter kjem du inn på ein traktorveg/skogssti som deler seg fleire plassar, men følg raudmerkinga. Vegen endar i skaret mellom Veslekamben og Rikandsrudkamben. Herifrå går det ein bratt stig opp på Rikandsrudkamben. Følg sama vegen tilbake.

Adkomst: Følg Rv 7 ca 10 km austover frå Ål sentrum til Torpo og følg skilting mot Torpo stavkyrkje. Køyr forbi stavkyrkja og igjennom heile sentrum til du ser skilt mot Bakketun, til venstre. Parkering på Bakketun, Torpovegen 370

Rikansrudkamben, Torpo, Ål i Hallingdal
Photo: Kari Torgersen