/ Verden / Norge / Viken / Ål kommune / Torpo
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Okslenuten

Torpo, Ål kommune, Viken, Norge
1.1km|170m ◢ ◣ 0m|18.08.2022

Beskrivelse

Turen startar ved demningen i Ridalen. Gå over brua som kryssar Ridøla, ta til venstre og inn på ny veg. Vegen går forbi Vesletjørn der ein finn ei skogshytte og like ved denne står ein omn som vart nytta til tjærebrenning i gamal tid. Etter kvart går stigen meir mot nordvest og går bratt opp lia. Når du kjem på eit myrparti tek

du meir mot aust og etter ei kraftig stigning når du toppen. Derifrå har du fantastisk utsikt utover dalen.

Adkomst: Følg Rv 7 ca 15 km frå Ål sentrum. Ta av til høgre ved Trillhus Camping, over brua og følg Ridalsvegen i ca 4,5 km frå campingplassen. Bomveg. Parkering ved skilt «parkering 10 turfavorittar»

Utsikt frå Okslenuten i retning Rotneim
Foto: Ål turistinfo