/ Verden / Norge / Viken / Ål kommune / Bergsjøområdet
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Bergsjøen rundt

Bergsjøområdet, Ål kommune, Viken, Norge
8.2km|118m ◢ ◣ 116m|18.08.2022

Beskrivelse

Frå Bergsjøstølen Fjellstue følgjer du godt merka stig, som i starten går litt austover og rundt Bergsjøen. Turen går i lett terreng og klopper er lagt ut mange plassar. Ca 4 km frå fjellstue er det ein gapahuk; ein fin plass å eta nista si. Bergsjøområdet har mange merka turar og denne turen kan kombinerast med fleire av dei. Rundt heile Bergsjøen har du god utsikt mot Reineskarvet i nord.

Adkomst: Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) i ca 24 km. På stor P-plass ta av til høgre og inn på Bergsjøvegen. Følg denne til Bergsjøstølen Fjellstue, ca 2,5 km frå starten av Bergsjøvegen.

Parkering på parkeringen hos Bergsjøstølen Fjellstue. Parkeringsavgift.

Fint på høyfjellet
Foto: Torleiv Torgersen