Vesle Grevsjøen - Røvshøvda - Hellebekken
Beskrivelse
Nydeleg stisykling. God sti både i fjellet, over myrene (klopplagt) og gjennom skogen. Stien kan syklast begge vegar. Oppover vil det kanskje vere nokre tekniske parti opp mot Røvshøvda, elles greitt. Heile eller deler av stien kan kombinerast med stiane mot Rabalen eller mot Rauddalsfjellet. Det er og god sti på sørsida av Røvshøvda ute på myrene. Underteikna har ikkje sykla denne, men det er ein mykje brukt sti det også. Delvis klopplagt.
Det meste av stien er i "grønn".
Hvordan finne stien
Frå Hellebekken:
250 m etter du krysser Hellebekken går "Rabalsvegen" opp. Start opp denne (låst bom) og ta etterkvart inn på stien.
Frå Rauddalsfjellet:
Sykle stien "Rauddalsfjellet" (https://trailguide.net/346) nordover mot Vesle Grevsjøen. Ca 150 meter sør for stikrysset Vesle Grevsjøen / Dansartjernet tek stien av svakt venstre.
Det er også fint å starte eller avslutte opp over Rabalen.