/ Verden / Norge / Viken / Gol / Kvilingberget
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Dansartjernet til Høvreslia via Kvilingberget

Kvilingberget, Gol, Viken, Norge
1.9km|7m ◢ ◣ 127m|22.07.2021

Beskrivelse

Fin stisykling. Starter i nydeleg snaufjellsterreng. Går over Kvilingberget og deretter i bjørkeskog ned til vegen. God sti med moderate mengder stein. Fungerer både opp og ned. Oppover vil dei fleste måtte trille litt, men det meste er syklebart. Fin avslutning eller inngang til den nydelege syklinga på stiane i Raudalsfjellet og Bergaleinnatten.

På Kvilingberget er det og muleg å halde meire aust og følge sti over myrane og kome ned lenger bort på Høvreslia. Vil bli mykje flat sykling på delvis klopplagt myr.

Hvordan finne stien

Nedanfrå: Stien er ein av dei vanlege vegane opp på Rauddalsfjellet frå Høvreslia. Ta av oppover ca 500 etter Tronrudsætre/Karlsgotrøe. Frå Gol-sida startar stien ca 800 meter etter fylkesgrensa.

Oppe i fjellet tek stien av frå "hovedstien" rundt Rauddalsfjellet rett nord for Dansartjerne. Lett å sjå på kartet og i terrenget.