Erdalen
Beskrivelse
Teknisk sti med fine flytparti inn i idylliske og ville Erdalen. Frå parkering innerst i Erdalen følger du grusvegen innover, og inn på merka tursti. Denne stien skal du følgje innover heile dalen. Stien passerer eit setertun. Følg stien vidare til Vetledalsseter, her delar stien seg i to. Ta til høgre oppover mot Erdalsbreen.
Stien krysser ei elv over ei trebru. Hold til høgre etter brua, stien er tidvis vanskeleg å sjå her, men sikt deg inn mot breen. Når du kjem til åpent lende, følgjer stien venstre side av dalen innover mot breen.
Så startar den siste stigninga. Ein del svaberg, og stort sett steinete parti. Mye laus stein, så dytting av sykkel er greiest. Ein bestemmer sjølv kor langt opp ein vil sykle. Vi snudde omtrent etter 5,5kilometer inne i dalen. Her er det eit naturleg stoppunkt. Å sette frå seg syklane her og gå vidare inn til breen til fots anbefalast.
Innerst i dalen er det passande å ta ein matpause og nyte den fantastiske utsikta over Erdalen før ein snur, og tar samme veg tilbake til bilen. Det går jevnt nedover hele veien, med mange fine crux, og jevnt over høy teknisk vanskelighetsgrad.
Hvordan finne stien
For å komme til Erdalen, køyrer ein ca. 30 min austover frå Stryn sentrum. Før tunnelen i enden av Oppstrynsvatnet, tar du til høgre og innover Erdalen.
Følg vegen gjennom eit gårdstun. Her kjem du til betalingsbom, hugs å ta med pengar. Og lukk grindene etter deg. Nokre hundre meter seinare parkerar du bilen.




