Griseryggen nord
Beskrivelse
Dette er ein trakke/trilletur opp, der ein blir belønna med variert stisykling ned att.
Det øverste partiet har herleg cruising på singletrack i furuskog med nokre tekniske parti. Deretter følger doubletrack frå Svartjønn til byggefeltet. Obs! Her er det mange turgåarar, vis hensyn!
Det siste partiet ved byggefeltet vere litt vanskeleg å finne vegen på, då det er ein del inn og ut av forskjellege vegar, så det kan vere lurt å rekognosere på veg opp.
Om du har krefter på toppen så anbefalast det å følge stien over toppen, og sykle dei første 50 høgdemetrane feil veg ned på andre sida av fjellet. Fantastisk artig sti! Trill opp samme veg og fullfør turen tilbake. Direktestien mot nordvest frå Griseryggen som vist på kartet er vel så fin som den på GPS-sporet og litt tørrare.
Hvordan finne stien
Følg stien som startar øverst i Hetterudfeltet. Ta til venstre ved Svarttjønn, og følg skilting til Griseryggen.