Bollastien
Beschreibung
Namnet er lokalt namn, ikkje noko som er dikta opp av syklistar.
Flott stisykling gjennom den bratte dalsida over Røkland og Vensmoen. Starter ganske roleg oppe ved Storvatnet med enkel, flott stisykling. Midtvegs er det ei bekkekryssing og eit vått parti på 50-100 meter. Deretter svinger stien seg fram mellom furu- og bjørkelegger før den går inn i meire bratt og til dels teknisk krevjande terreng ned til grusveg.
Det er fjerna ei rekke store vindfall for å få litt meir flyt i syklinga. Fortsatt litt einerkratt m.m. som ein må manøvrere seg forbi.
Kan vere fordel å trille opp for å gjere seg litt kjent med dei ulike tekniske punkta.
Anfahrt
Stien er lett å finne på toppen. Sykle til Storvatnet, deretter rett fram forbi eit par hytter. Deretter ingen stivalg, berre å følge på.
Nedanfrå kan stien vere vrien å sjå. Den starter ca 10 meter før vegkryss.
Sjølve stien starter litt forbi avkøyring til Vensmoen. Køyr gjennom tun, parker omlag ved oppkøyring til vanntårnet.