/ World / Norway / Sogn og Fjordane / Vik / Fresvik
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Velteplassen - Drageskardet - Mulakamben

Fresvik, Vik, Sogn og Fjordane, Norway
4.2km|237m ◢ ◣ 173m|01.08.2018

Description

Sving til venstre inn på merket sti, opp ein liten bakke. Følg denne. Etter ca. 200 m er det eit stikryss, her går den fineste sykkelstien (Drageskardvegen) til venstre, men begge er greit sykkelbar. Etter 400-500 meter krysser ein ei myr. Ved stikryss i Drageskard går det blåmerka sti til venstre mot Middagshaugen og Skard. Du skal imidlertid til høyre. Du får nå leiken flyt-sti ned til stølsområdet på Holten. Frå Holten er det gjengrodd grusvei i 600 meter før stien tar av til venstre mot Mulakamben.

Drageskardvegen vart nytta til tømmertransport når tømmeret vart sendt ned Drageskardet på vinterføre.

Mulakamben er et veldig fint utsikspunkt på enden av Freviksåsen. Aller flottast er utsikten nokre hundre meter aust for Mulakamben. For å komme til Mulakamben må sykkelen dyttast store deler av turen. Syklingen tilbake er til tider litt bratt, men ein får rekognosert heile vegen inn.

Access

Dersom du tar utgangspunkt i parkeringen på Skard, følg asfaltvegen vidare ned på andre sida av Fresvikåsen fram til du kjem til en bomveg som går av skrått til venstre. Sving inn på denne grusvegen og følg den 1,5 km til du kjem til ein lunneplass, lokalt kalt Velteplassen.

Utsikt mot Fimreiteåsen
Photo: Stein Dyngen
Utsikt mot Fimreiteåsen
Photo: Stein Dyngen
Smale, fine stiar
Photo: Stein Dyngen