Ramsdalsheia-Solheimsnipa
Description
Artig Fjellsti på Sunnfjords tak... Start på parkeringsplass ved Naustdalssida av Ramsdalsheia-tunnelen og følg sti sørover mot hytte ca 100 m. Bryt høgre og følg svabergsparti oppover mot sendaren. Når ein er komt opp på ryggen så følg merka sti forbi sendaren, sti er merka, og toppen 766 moh er markant så det er vanskelig å bomme. Det meste er syklebart frå TV-sendar til toppen. Ned igjen samme vei, på hærlig teknisk vestlandsflyt. Litt krevande parti enkelte plassar. ca 2 timar tur/retur avhengig av stamina og gønnefaktor
Access
Frå Førde: køyr RV 5 mot Florø, passer Naustdal Sentrum, 100 meter før Sunnfjord tunnelen, ta av til høgre mot Nyheim. Følg veien vidare helt til Ramsdalsheia( turistveg) og parker enten før eller etter Ramsdalsheia-tunnelen. Ein treng ikkje ta av veien fleire gonger etter å tatt av rv5 ved Sunnfjord tunnelen.
Kjem ein frå Vest (florø,Eikefjord osv..) kan ein ta av med svarthumle og køyre mot Ramsdalsheia og Tv sendaren som ligg midt i himmelssjå når ein føljer rv 5 mot Førde




