Stryn vinterski - Vik(Stryn sentrum)
Description
Godt og blandet mellom flyt og meir teknisk sykling. ein tur med meire opp og ned påsti enn det ein er vant til i området.
Stien startar på nedsida av svingen like før Stryn Vinterski. Følg stien og hald venstre i første stikryss. Over elv og følg tydeleg sti. hald høgre i neste kryss over bru og etterkvart rett over rørgate. Følg sti vidare på andre sida av rørgata. Etterkvart inn på grusveg, Hald høgre opp til neste kryss. Her treff du lysløypa følg denne til venstre ein liten kilometer. Etter ein nedoverbakke kjem du ned på ei flate. her tar stien av til venstre opp på ein morenerygg. Tørt og fint med god flyt. Føl denne ryggen, etterkvart ned i granskog og blanda terreng. Etter eit par kilometer treff du traktorveg. Følg denne ned ein bit før stien bryt hardt til venstre. i neste stikryss tar du til venstre. Stien ender opp på grusveg.følg denne ned siste biten til asfalt.
Access
Turen kan starte frå sentrum med sykling opp forbi ESSO, følg skilting til skisenteret. Køyr eventuelt opp ein bil og parker ved starten av stien,




