Tonningsetra - Holvatnet - Stryn sentrum
Description
Flott tur med mykje forskjellig underlag. Frå Tonningsetra følgjer du grusvegen opp mot Holvatnet. etter ei seig klatring tar du rett fram i ein krapp høgresving, skilting mot gullkoppen. Følg denne over ein demning. Her bryt stien ned til venstre. Følg stien ned til Holsetra og til du treff ei barkeløype. Her tar du til venstre, vidare til høgre i første kryss i barkeløypa. Følg denne til endes ned på ein grusveg. ta til venstre og treff sti over ei eng. Følg denne til du ser ei ny barkeløype på høgre hand. Ta første naturlege sti inn på barkeløype. Følg løypa til høgre forbi Raude kors hytta og inn på grusveg. Følg grusveg ein bit nedover til du kjem opp på ein bakketopp. Her går stien av til venstre. Følg denne ned på lysløype, ta til venstre og sykle mot skisenteret. Etter nokre hundre tar stien av ned til høgre ved ei lysmast. Følg stien ned til sentrum,
Access
Turen startar frå Tonningsetra ovanfor Stryn vinterski. Følg skilting til Stryn Vinterski frå ESSO i Stryn. Fortsett vidare opp setrevegen frå varmestova og opp til Tonningsetra.




