Dimma - Åsebøvatnet - Vereide
Description
30 meter forbi parkeringa på Dimma tar stien av til venstre, følg merkinga gjennom støylen på Dimma og vidare opp mot Åsebøvatnet. Stien går jamnt oppover heile vegen til Åsebøvatnet. Følg same veg tilbake ned til Dimma.
Nede på grusvegen igjen tar du no til venstre opp bakken. Etter nokre hundre meter tar ein traktorveg av til høgre følg denne til endes ved ei hytte. Her fortsett stien over langhamrane mot Føleidsstøylen. God flyt og fart.
Like før støylen har folkehøgskulen merka ny sti, følg merkinga som tar av til venstre.
Vidare traverserar stien over Føleide. Noko trilling må reknast med, men ikkje meir enn at avslutninga er vel verdt det. Etter kvart kjem du inn på ei hogstflate der du ser rett ned på Føleide, her har folkehøgskulen rydda bratte tekniske serpentinar oppover for å vinne høgde. Er du i overkant god form er det nok mogleg å sykle desse heilt opp.
På toppen av hogstfeltet går stien inn i tett granskog. Her er det ikkje sti i utgangspunktet, ver obs på at stien er utydeleg, følg merkinga. Etter ein god bit med barsti treff du ein skogsveg, kryss denne og følg med på venstre side, her går stien litt opp igjen før rosinen i pølsa kjem i avslutninga. Stien endar no heilt nede ved E39
Access
Køyr E39 forbi Sandane mot Eid, ta av vegen på Vereide, skilta til Føleide og folkehøgskulen. Følg grusvegen til Føleide, der den bikkar ned mot fjorden tar bomvegen til Dimma av, følg denne til parkeringa.




