Svinestranda
Description
Dette er ein lang stitur med mykje variert terreng. Lokal helt Pål Kristian Gimmestad skal ha all æra for å ha rydda og sydd saman denne turen etter mykje tid på leiting etter stisnuttar. Ein del tekniske crux men og myyyykje fin flytsti.
Følg godt merkt rute til Svinestranda, lønner seg ikkje å dra sykkelen med forbi platået før toppen. Stien følgjer same rute ned igjen, ta ikkje av ned til bilane følg stien inn til Austreimsstøylen. Sykle over setervollen, men ikkje over elva. I enden av setervollen finn du ein sti ned langs elva. Følg denne ned til grusvegen.
Her blir det ei kort klatring på grus, cirka 100m forbi krysset til Austreimsstøylen tar ein utydeleg sti av til høgre. Følg denne til Holvikestøylen, over setervollen til ei nedblåst bjørk. Her fortsett stien sørover. Etter 500 meter blir stien brattare, følg med på høgre side der det etterkvart går av ein sti. Følg denne ned til traktorveg.
Følg traktorvegen oppover til det flatar ut, her tar etterkvart stien av til høgre. Følg denne til grusvegen. Herfrå må ein følgje grusvegen nokre høgdemeter nedover, etterkvart vil stien ta av til venstre ned mot Leirstøylen. Frå leirstøylen er stien mykje brukt og enkel å følgje. Når du kjem inn på grusvegen følgjer du denne 50 meter før stien bryt av til høgre før siste strekket ned til Kleivedammen.
Access
Sjølve stien startar på parkeringa til Austreimsstøylen. Dit kjem ein ved å køyre E39 forbi Sandane sentrum og ta av til Fjellbygda. Ta av til høgre i første kryss, rett fram i neste. Etterkvart kjem du til eit gardstun med ein bomveg, denne går til Austreimsstøylen.




