/ World / Norway / Vestland / Sogndal / Leikanger
EnglishNorskDeutchItalianoFrançaise

Smørklettrunden

Leikanger, Sogndal, Vestland, Norway
14.3km|642m ◢ ◣ 946m|03.10.2017

Description

Følg merking frå parkeringsplasen på Kleppa mot Stokksete. Der lysløypa snur held ein fram på myrlendt sti til trimkasse på Stokksete og tørr sti vidare mot Kallbakk. Vestover frå Kallbakk er stien merket, men tidvis utydeleg, og går store deler på myr. Følg deretter tydeleg, delvis bratt sti i retning Eggja, men hold til venstre i stikryss under Hammarskarsnovi. Ta andre sti inn til høgre når det opnar seg opp for andre gong. To mest parallelle stiar krysser kvarandre fleire gonger nedover, leikent er det uansett kva sti du er på. Følg med på kartet og ta opp til Volamyri når du kjem ned til ein steinlagt liten bekk. Følg skogsvegen 50 meter til høgre og ta deretter inn til venstre, og ny venstre 100 meter etter det. Ved høg vassføring kryssar du elva ved å balansere over ei avkappa bjørk. Følg stien oppover parallelt med elva til det er mulig å ta tre kjappe stivalg til høgre og deretter neste til venstre. Følg stien i retning Høgehaug, men hald rett fram ved stikryss vest av Høgehaug tilbake til Kleppa.

Ein avstikkar til fots opp på Smørkletten gir flott utsyn over Sognefjorden.

Access

Smørklettrunden kan syklast begge retningar, men gir meir dytting motsatt veg.

Utsyn frå rekkjet mot Bleia, Fimreiteåsen, Aurlandsfjorden og Fresvik
Photo: Stein Dyngen
Utsyn frå Hammarskar mot Vangsnes
Photo: Stein Dyngen
Tidvis myrlendt og lite synleg sti. Pass på å ta til venstre ved høgspentmastene.
Photo: Stein Dyngen